Jordboka II

Jordboka II (2) “Nærare naturen….”

(1 omtale) | Legg inn annmeldelse

348 kr

Jordboka II viser korleis me alle kan finna våre produktive og meiningsfulle roller i dei enorme endringane menneska må og skal gjennom dei neste tiåra. Boka stakar opp kursen ut av industrilandbruk og forbrukarsamfunn – og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida.

På lager

Legg til i ønskeliste Fjern fra ønskelisten
Varenummer: 9788299779616 Kategorier: , Stikkord:

Beskrivelse

Jordboka II “Nærare naturen, inn i det kompostmoderne”

“Moder Jord, Mother Nature, Jörð, Terra Mater, Pachamama, Gaia. Kjær mor har mange namn. Mange fleire enn dei kjende som er lista her. Ho – livgjevaren – dukkar opp i mange av verdas religionar og idésystem, og minner oss om at natur først og fremst er samanheng. At øydelegging av delar over tid øydelegg heilskapen.

Jordboka II fortel om molda er livet si aller viktigaste kjelde. Her er det på sitt mest intense, her bankar Gaias hjarte sterkast. Den viktigaste kampen for framtida vil står her.

Dette er kampen mot reduksjonismen, mot dei som vil byta ut naturen sitt mangfald med gift og monokultur. Dette er kampen for å vinna heilskapen og samanhengen tilbake. For å erstatta avstand med nærleik, for å gje mennesket ei produktiv rolle i naturen.

«Myggen», skreiv Nietzsche, «susar rundt overtydd om at han er sentrum i universet, og at alt anna liv er til for hans del». Det gjer mennesket og. Men til skilnad frå myggen har mennesket makt til å påtvinga alle andre artar sitt perspektiv på verda.

Jordboka II fortel om korleis forholdet mellom menneske og natur må endrast radikalt om dei som kjem etter oss skal få oppleva ei grøn og levande jord. Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av.

Men finst det rom for mennesket i naturen? I jakta på svar tek forfattaren lesaren med på ei filosofisk og praktisk oppdagingsreise ned i den levande molda og inn i ideane si verd:

Frå Nietzsche sine frigjerande tankar, til høgproduktiv grønsakdyrking med naturen som gartnar. Frå roseplanting i kvist, til dans og karbonfangst. Frå kompostering som filosofi og praksis, til kva den vesle bakterien i molda kan læra oss om livet sitt viktigaste prinsipp.

Jordboka II handlar om å bytta side. Om å gå på lag med Gaia. Før det er alt for seint.

– I det tradisjonelle bondesamfunnet komposterte me fordi me måtte bruka alle tilgjengelege ressursar for å overleva.

– I det moderne industrisamfunnet skulle me «kvitta oss med den gamle driten». Gift og kjemisk framstilt gjødsel fortrengde det organiske og naturnære.

– I det postmoderne vart me individualiserte forbrukarar. Bruk og kast rådde. Me skulle gjera det me var interesserte i og hadde lyst til.

– I den kompostmoderne framtida må me igjen kompostera. For å redda planeten og livet i molda. Å kompostera er å setja saman på nytt.  Alt må no setjast saman på nytt. Også forholdet vårt til naturen.

Forfatter
Forfatter Dag Jørund Lønning

Tilleggsinformasjon

ISBN

9788299779616

FORFATTER

Dag Jørund Lønning

UTGIVELSESÅR

2019

ANTALL SIDER

261

KATEGORI

Dyrking og Jordbruk

SPRÅK

Nynorsk

INNBINDING

Heftet

FORLAG

Forlaget Nyskaping

1 omtale for Jordboka II (2) “Nærare naturen….”

  1. | Legg igjen en annmeldelse

    Hilde Buer

    Rask og korrekt sending av Bestillte varer som var helt topp.

Skriv en omtale

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du liker kanskje også…