Kompostboka “Om å byggja natur” (3)

348 kr

Fra dei tidlegaste tider har mennesket drøymt om «Den løyndomsfulle hagen».

Paradiset der alt veks, der fuglar syng, bier summar, froskar kvekkar, sommarfuglar leikar seg og sola alltid skin.

På lager

Produktnr: 9788299779630 Kategorier: , Stikkord: EAN: 9788299779630
Forlaget Nyskaping

Beskrivelse

Kompostboka “Om å byggja natur”

Det å kompostera hjelper deg diverre ikkje med det siste på denne lista, men så absolutt med alt det andre og med kompost som materiell, vert du Gaia sin eigen bygningsarbeidar og du fornyar hage og åker på same måte som ho fornyar alt levande og skapa eit veldig mangfald av liv rundt deg.

Kompost er nøkkelen til å låsa opp den magiske verda du trudde var tapt for alltid, eller forvist til fabel og eventyrbøker då du byggjer nedanfrå og opp med kompost slik naturen alltid har vore bygd med dei talrike små til dei store få, urørt mold som blir tilført kompost, inneheld eit uhyre rikt og fullverdig økosystem.

Dette systemet både lagrar karbon og skaper enorme mengder med mangfaldig næring til plantelivet, og er derfor noko av det viktigaste me kan gjera i kampen mot klimaendringar og tap av biologisk mangfald.

Med kompost kan du over tid få det meste av plantar, både «ville» og «tamme», til å trivast.

Du kan nå det punktet der «alt» veks av seg sjølv og eigedomen din blir også eit eldorado for fuglar, pollinerande insekt og snigleetande amfibiar.

Din hage kan så absolutt bli Den løyndomsfulle hagen om du følgjer du råda i denne boka, vil du vera på god veg dit.

Kompostboka er ein leik med små og store idear og ressursar då den handlar om hagen og åkeren, men også om dei store utfordringane menneskja og planeten står overfor.

Det er ei bok om sjølve livet og om mennesket i naturen. I dag og i morgon.

Forfatter
Forfatter: Dag Jørund Lønning

Tilleggsinformasjon

ISBN

9788299779630

FORFATTER

Dag Jørund Lønning

UTGIVELSESÅR

2020

ANTALL SIDER

232

KATEGORI

Dyrking og Jordbruk

SPRÅK

Nynorsk

INNBINDING

Heftet

FORLAG

Forlaget Nyskaping

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Kompostboka “Om å byggja natur” (3)”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *